Grenland Blues & Roots Klubb | Tubesnakes
- Sted: Hovedscenen
- Når:
- lør 18. apr 15:00
- Pris:
- 300
- kr
Tubesnakes er eit bluesrockband frå Stord som har vore aktiv i bluesmiljøet i Noreg i over 30 år. Bluesrockarane har i løpet av desse åra spelt på utallige konsert-, klubb-og festivalscenar i Noreg og USA. Bandet er no aktuelle med albumet “Navasota TX.” som vart spelt inn i nemnte stat. Dei flørtar stadig med fleire sjangerar i blueskategorien. Men gjengs for det heile er stor speleglede, innleving og trøkk samt gitar- og Hammondtiradar. Tubesnakes spelar musikk fra bandets rikhaldige repertoar med orginale låter og bluesklassikerar fra sine snart 30 år på vegen.
Bandet består av:
Rolf Martin Haldorsen : gitar og vokal
Per Kenneth Hauan : tangentar
Johnny Stensletten : bass
Per Inge Stensletten : trommer